Nyheter

Hva skjer hos oss?

Viktig informasjon

Legekontoret

Vi er fastlegekontor og daglegevakt for kommunedel Finnøy.

I samband med koronavirus-epidemien har vi lagt om ein del rutiner i driften. Dette inneber tiltak som bl.a. senkar risiko for smitte for dei pasientane som må møte opp fysisk på legekontoret.

-Oppfordrar ALLE som kan til å bruke dei digitale tenestene vi tilbyr via helsenorge.no. Her kan du bestille/avbestille/endre timar, bestille resepter og ha elektronisk kommunikasjon med legen via e-konsultasjon.

Finnøy legekontor tilbyr VIDEOKONSULTASJONAR. Dette kan egne seg for deg som ikkje har muligheit til fysisk å komme til legekontoret,eller som ikkje kan komme pga hoste el.l. Bestill time på vanleg måte ( sjå nedanfor), skriv i merknad at du ønsker videokonsultasjon. Vi brukar nettstaden join.nhn.no for videokonsultasjonar. Følg instruksjon på nettstaden, trykk på video, og skriv inn korrekt møterom. Før timen vil du få beskjed om møterommet av legen. Morten Hovdet har ei direkte-lenke til møterommet, men møtet må likevel avtalast på førehand. I samband med  korona-epidemien kan du også oppleve at legen tek kontakt for videokonsultasjon for ytterligare opplysningar etter at du har sendt elektronisk henvending.